søndag 14. september 2008

I fred kan eg sova

I fred kan eg sova
trass tårer som væter mitt kinn.
I fred kan eg vakna
trass alt det som tyngjer mitt sinn.
Eg set min lit til Herren,
han er min faste borg.
Han fylgjer meg med freden sin
i glede som i sorg.

Guds fred den skal vara
frå no og til æveleg tid.
Guds fred er min styrke
i livet sin hardaste strid.
I stormen som i stilla
vil Jesus vere med.
Kor godt det er frå dag til dag
å kvila i hans fred.

I fred skal eg sova
når døden ein dag bankar på.
I fred skal eg vakna
og himmelens herlegdom sjå.
I livet som i døden,
skal sjela finna ro.
Og grunnen til at eg er trygg,
er Jesus dyre blod.

Ingen kommentarer: